sundag 10. august 2025
Dylan LeBlanc & Freddy Holm
(10.08.2025)
sundag 10. august 2025, dørene åpner kl. 18:00

Dylan LeBlanc & Freddy Holm

Amerikansk stjerne avsluttar festivalen med intimkonsert!

Dylan LeBlanc er ein amerikansk singer-songwriter frå den legendariske musikkbyen, Muscle Shoals i Alabama. Han gav ut sitt debutalbum, «Pauper’s Field», berre tjue år gamal i 2010 – med sjølvast Emmylou Harris som gjestevokalist. Sidan den gong har han gjeve ut fleire kritikarroste plater, og turnert saman med storleikar som Lucinda Williams og Calexico. Han har stått på same scene som Bruce Springsteen, Drive by Truckers og First Aid Kit, og han har spela på Willie Nelson sin eigen festival, «Luck Reunion», på Willies gard utanfor Austin, Texas, fire gongar. LeBlanc er med andre ord ein svært anerkjend artist i heimlandet, og me er glade for å kunne presentere ein konsert med Dylan LeBlanc og multi-instrumentalist Freddy Holm som ein nydeleg og intime avslutning på Telemarkfestivalen 2025.

Medvirkende
Dylan LeBlanc – vokal, gitar
Freddy Holm – div instrument

Arrangementsinfo

Dato: sundag 10. august 2025
Dørene åpner: 18:00
Spillested: Bø bakgård & basar (tidl. Meierismuget)
Arrangør: Telemarkfestivalen
Pris: 285,- inkl. bill.avg.
Aldersgrense: 18

Flere arrangementer